onsdag 17. juni 2009

Velkommen innom!

Er du på husjakt?
Sjå om "FAGERBORG" kan vere huset for deg!
Det er vi, Anette og Audun, som har budd i huset siste åra, og vi vil fortelje litt om huset vårt her til den som måtte vere interessert. Det er eit hus med sjel, og for oss er det nesten litt trist at vi må selgje det, for vi har likt huset så godt. Det har vore i familien lenge no, sidan vi kjøpte det med bror til Audun, som hadde budd her i 7 år før oss. (Difor veit vi også mykje om huset..)
Mykje av det vi har likt godt med huset er at her er ingen naboar vegg-i-vegg, berre ein koseleg campingplass som vi nesten ikkje merkar noko av (med tanke på bråk). Vi kan sitje skjerma på altanen ein sommardag, har vår eigen vesle hageflekk, og vi har god plass til bilar, og enkel tilkomst. I løde og garasje har vi god lagringsplass. Og treng vi noko, ja, då er det kort veg til det aller meste, både butikk, skule, buss, badestrand osv...
Sjølvsagt likar vi godt huset inne også, og medan vi har pussa opp, har vi prøvt å bevare noko av sjarmen til eit slikt gammalt hus.
Men, for å vise deg som kikar innom litt meir konkret kva huset innheld, har vi lagt ut ein del bilete av huset, både innvendig og utvendig, og her står litt om kva som har vore gjort med huset sidan vi kjøpte det i 2003/2004.

Har du spørsmål om noko, kan du kontakte oss på fleire måtar:

Kommentere innlegga på sida (sjå under kvart innlegg).

Sende e-post: anettedagfinrud@yahoo.no, audunmoe@yahoo.no

Ring, send SMS: Anette: 91532848 Audun 90536227

Vi håper du vil kome på visning: Søndag 21.juni kl. 16.00 eller
måndag 22.juni kl. 19.00



Passar tida dårleg? Ta kontakt med ein av oss for å avtale ei tid.

Annonse på finn.no kjem på fredag 19. juni, med utfyllande fakta om areal osv.

Uteområde

Huset sett ifrå gongvegen. Altanen er bygd ca i 2003. Taket skifta hausten 2008.
Løde og garasje. Lampar med sensor både ute og inne i garasje, garasjeport-åpnar, "Osvegen 10"-skilt på garasjeveggen. Garasja vart bygd av bror til Audun i 1998.
Sette inn vindauge i løde (ca 2005) og laga "sprosser" under overbygget.
Inngongspartiet.
Hagen med tilkomst til altanen.
Hagen.
Benkar av tømmerstokkar.
"Sprossene" når dei er åpne.

mandag 15. juni 2009

Bad og soverom på loftet.

På loftet var det ikkje bad då vi kjøpte huset, så det meste her er heilt nytt. Vi leitte fram tømmerveggane, lakka dei, og la flisar på golvet. Badinnreiinga er "heimesnikra" på Øyehaug.
Vegghengt WC, spotbelysning med dimmar i tak og over speil, samt boblebadekar og dusjhjørne.

Servantplata er marmorert, og ikkje heilt kvit.
Vi sette inn nye vindauge på badet og soverommet.
Vi tok fram tømmerveggane her også, og lakka dei. La tarkett på golvet og panel i taket. Heile badet og soverommet er nyisolert.
Heimesnikra garderobeskap med skyvedører, 2008. På sida av garderobeskapet er der speil med uskåren panel rundt. Klikk på biletet for å sjå detaljar.


Soverom 2 på loftet. Her er det vegg-til-vegg-teppe, og ikkje oppussa sidan 90-talet. Panel på veggane og måla takpapp i taket.

Stove og kjøkken

På kjøkkenet har vi pussa og mala skapdørene, og lakka dei med lasur-olje. Vi skifta benkplate, handtak, og fekk integrert oppvaskmaskin. Sette på pyntelister oppe og nede på overskapa, og mala heile kjøkkenet oppatt i lyse fargar. Mellom kjøkkenskapa er det skiferlaminat (Veldig praktisk!). Det vart lagt nytt tregolv på kjøkkenet og stova, bjelkelaget vart justert/forsterka og isolert oppatt.
I stova mala vi og tapetserte oppatt veggane og taket. Vi sette inn ny vedovn og varmepumpe. Det er "brystning" rundt heile stova, mala med panelkvit.

søndag 14. juni 2009

Entré 1. etg.



Gangen i kjellaren.


I gangen er der panel på veggar og tak, belegg på golvet, og eit heimesnikra skap.

Vaskerom i kjellaren


Vaskerom i kjellaren med gråsteinsmur, varmtvannstank og utslagsvask, samt plass til vaskemaskin og tørketrommel. Flislagt golv.

lørdag 13. juni 2009

Kjellarstove


I kjellaren har det vore innreidd sidan 90-talet. Der var vegg-til-vegg-teppe då vi kjøpte det, men vi har lagt laminatgolv der istaden. Veggar og tak er måla med panelkvit. I taksten er ikkje kjellaren rekna med som buareal, sidan her er lavare under taket enn det som er standard. Det vil seie at huset eigentleg er større enn det som står i papira.